Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

En dose farge?

Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet?
Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa
men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg er behagelig

Sjå mange flotte soverom på månadens utfordring hos NIB


i desse festlige tider

Ny utfordring på NIB "festlige tider"

Something old 
something new
something borrowed
something blue 


Festlige tider krev ei festlig lampe. Eg har laga meg ei birdlamp.




Kva har du gjort med brudekjolen din?
synes det er litt trist at den berre heng der i skapet...
kanskje det går å "stille den ut" på veggen i trappa...

@lykle_



tapetinspirasjon

Det blir ikkje så mykje tid til blogging for tida, men eg synes det er veldig gøy å vere med på månedens utfordring hos Nib, sjølv om eg har mykje å lære før eg kan ta bilder på høgde med blogge-eliten. Denne månaden er utfordringa "tapetinspirasjon".
Me har tapet i mange rom, men dei to tapetane eg er mest fornøgd med er desse to.


lilleby tapet
/min gamle stol/eit gammalt heklateppe/hekla pledd/pompoms/tavle/gyngeku/tretog



familien tapet
på gjestedo, gjestedo er ganske lite så det var vanskelig å ta bilde her, over vasken ser de tapeten som er på motsett vegg gjennom spegelen.

blanke ark på kjøkkenet


NIB jentene spør etter "den unike stilen, den bare du kan skape". 

Eg veit at det ikkje finst kjøkken make til vårt, mykje av arbeidet har me gjort sjølv.Men desverre er eg ikkje god nok på styling og fotografering til at eg klarar å formidle det på bilda. Her er no likevell mitt bidrag.
 Benkeplata på kjøkkenøya er av betong og den har me støypt på plassen, det kan du lese meir om HER og HER. Og frontane har me lakka sjølv. Kjøkkenet er eit år gammalt (nytt) men har enda ikkje fått sokkel og lister, men ein dag kjem nok det på plass også. Hovedsaken er at det fungerer godt. Eg ønska meg eit kjøkken der me kunne vere sosiale under matlaginga, og det har me fått. For mannen sin del var det viktig å proiritere ei kjøkkenvifte som ruva høgare en han. Til benkeplate og vask valgte me rustfrit stål då det er viktig for osss med ei hygienisk overflate når me skal behandle kjøtt frå eige slakt. Eg er superfornøgd med kjøkkenet vårt, både materialvalg og planløysinga. 




Vinnaren av utfordringa får gåvekort på 10.000kr hos NKI nettstudier.
Om eg hadde vunne skulle eg ha teke rekneskapskurs :)

ei gås i taket

Endeleg har me fått lys i stova
lampa eg bestillte i juni kjem vist ikkje før i Desember (!)
Så då bestillte eg denne så lenge
 finaste Vita Eos fjærlampe

(Instabilde då eg ikkje har tid til å ta orntlige bilder)

Ha ein fin-fin tirsdag!

bar

Eg fekk eit spørsmål her inne for ei lita stund sidan om eg kunne vise litt fleire bilder av tønne-barskapet vårt.
Så her kjem eit lite bilderas og framgangsmåte for bartønna vår.

Me bora hol i stålbanda og skrudde dei fast, like før og etter der me ville lage døropning.
(i døra burde me nok ha festa kvart bord i bandet for etterkvart som tønna tørka så løsna borda ifrå kvarandre.)
så kappa me bandet med vinkelslipar og saga rundt døropningen


Hengsler frå IKEA

  i døra laga me til to hyller, ellers har me ikkje gjort noko innvendig. 

 utvendig er tønna behandla med fargelaus olje, medan den er beisa innvendig.

Haust i stova



Kveldane blir mørkare og mørkare
og me ventar og ventar på taklampa eg har bestillt til stova
(den  var bestillt i begynnelsen av juli (!) 
i mellomtida lyser me opp med stearinlys og fyr i omnen om kvelden.


Haust er å krype saman under eit ullpledd, 
med noko varmt i koppen
og høyre det knittre i peisen.

Strikking  høyrer også mørke haustkveldar til, 
men det trur eg ikkje eg får tid til i haust, har altfor mykje skulle, burde, må og skal på TO DO lista



Dette er mitt bidrag til septemberutfordringa på NIB

Premien denne månaden er eit års forbruk med straum frå TELINET, som leverer kun fornybar energi. 

Hovedsaklig blir allerede dette huset varma opp med fornybar energi.
Alt vatten, til vanboren varme i golvet, og forbruksvatten, blir varma opp av ved frå eigen skog :)

god søndag!

barn og vatten

For nokre år sidan snekra eg leikekjøkken til gutungen. Det hatt vore flittig i bruk sidan.
No var det på tide med ei lita oppgradering av kjøkkenet; nemleg innlagt vatten. Med ei manuell handpumpe frå biltema, litt slange og ei kanne med vatten inni skåpet så har lekekjøkkenet fått vatten i springen.
Småtassane er storfornøgd. Å suttle med vatten er noko av det kjekkaste som finst. 
(sølemengden er omtrent like stor som før når dei bar vatten i skytteltrafikk mellom bad og leikekjøkken)





Velkommen til alle nye følgere! Og takk til alle som legg igjen kommentar! 

Smil frå meg :-)

ein knott til besvær

 riktig er riktig, og feil er feil
sa kråka når mamma mø ville bygge hytte og bøyde spikaren. 

 Plutselig ein dag gjekk det opp for meg at eg kanskje har montert knottane rundt om i huset feil. bakom sjølve knotten er det jo ein slags mansjett eller kva ein skal kalle det. Denne har eg montert med den største enden inn mot knotten. heilt til eg skjønte at dette kanskje var feil, då snudde eg ein for å bli litt klokare. Så no står eg her og lura på om det er slik at riktig er riktig og feil er feil når det gjeld knottane eg har montert. Kva synes du? Er det den fremste eller bakerste knotten som er riktig?

her er det skikkelig haustvær idag, regnet ausar ned
på tide å finne fram igjen lue, vottar og skjerf?


vinnaren av min GIVE-AWAY


så kjekt at så mange hadde lyst å vere med på min Gje-vekk!

eg brukte random.org til å trekke eit vinnarlodd
*trommevirvel*

Gratulerer til

--Geroannie--

som får desse fine premiane :)








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...